Semesterinnlegg fra Minde Barnekor!

Minde barnekor består av 23 koristar frå 1-4 klasse.

I vår 2020 har me hatt «folkemusikk» som tema. Me øvde på dei norske folkesongar «Ro, ro til Relteland», «Eg tente meg så lenge», «Det var du og det var meg», og den russiske folkemelodien «Katjosja» (med norsk tekst), ein kanon frå Renessanse «Come follow» på engelsk og den latinske hymnen frå 300 e.K. «Dona Nobis» i kanon. Me har dansa til klassisk musikk, spela klokkespel, hatt morsomme gehørleikar og konkurranser i tillegg til innøving av repertoaret.

Koronautbruddet gjorde at me rakk aldri å halde konsert for foreldre og medelevar på SFO-tida, og synge på Vårkonsert med Edvard Grieg barnekora i mai. Det vart heller ikkje Zoomøvinger fordi borna er såpass unge og foreldre er nødt til å vera med på dette.

Me har vore i kontakt med SFO, og dei ser varmt på å begynne aktiviteten igjen etter august 2020 på same dag og tidspunkt: torsdag kl. 14:15-14:55 for 3. og 4. klassingar og 14:55-15:30 for 1. og 2. klasse.

Foreldre har fått på e-post lydfiler til songane og youtubelenker som Ung i Kor har lagt til ute på nettet. Slik kan koristane øve i lag med foreldre, ha ein familievenleg koraktivitet i heimen.


Til komande semester er planane allereie lagt til med Edvard Grieg barnekor sin haustkonsert (15.10), folkesongseminar «Ervesong» for våre 4. klassingar (31.10) og kanskje også julesongar i Pepperkakebyen! Me håpar også å synge som me pleier til foreldre og medelevar på SFO på slutten av semesteret. Eg ønsker også å opne ein kommunikasjonskanal med rektoren på Minde skule for å integrere koret til skulens fester og markeringer. Slik blir me både meir synlege og får mogelegheiter til å rekruttere endå fleire koristar.


Alt skal bli bra, song gir oss mot og glede!


vh Sapfo Maria Stavrides (dirigent)